GDPR artikkel 6 set krav om eit rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar. Mange oppgåver i kommunen oppfyller vilkåret i artikkel 6 nr. 1 bokstav e; behandling som er nødvendig for å oppfylla ei oppgåve i allmenta si interesse eller utøve offentlig myndigheit.
Mykje av det kommunen gjør er lovregulert. Sentrale lover er:
- Kommuneloven
- Forvaltningsloven
- Offentleglova
- Plan- og bygningsloven
- Barnehageloven
- Barnevernloven
- Opplæringslova
- Helse- og omsorgstjenesteloven
- Helsepersonelloven
- Helseregisterloven
- Sosialhelsetjenesteloven
- Folketrygdloven
- Arbeids- og velferdsforvaltningsloven
- Arbeidsmiljøloven
Lagringstid
GDPR artikkel 17 gir den registrerte rett til å få opplysningar som seg sjølv sletta, når opplysningane ikkje lenger er nødvendige for formålet dei vart innhenta for. Men ein vesentlig del av personopplysningane som behandlast i kommunen er omfatta av arkivlova sine bestemmelsar om journalføring og arkivering, og er unntekne frå retten til sletting.
Personopplysningar som me behandlar på grunnlag av ditt samtykke slettast når du trekkjer samtykket tilbake.
Personopplysningar som me behandlar fordi det er nødvendig for å oppfylla ein avtale, slettast når det ikke lenger er nødvendig å oppbevara dei.
Rettigheiter
Du har rett til innsyn.Når kommunen behandlar opplysningar om deg skal du få vita kva data som behandlast, kva opplysningane brukast til, samt kor lenge opplysningane skal lagrast.
Du kan henvenda deg til kommunen og be om å få innsyn i dine personopplysningar. Me vil svara på henvendelsen til oss så fort som mulig, og seinest innan 30 dager. Ved førespurnad om innsyn, ta kontakt med kommunen ved sørvissenteret.
Samnanger kommune
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Telefon: 56587400
Me kan be deg om å bekrefta identiteten din eller å oppgi ytterlegare informasjon før me lar deg ta i bruk rettigheitane sine overfor oss. Me kan derfor be deg leggja ved kopi av gyldig legitimasjon. Dette gjer me for å vare sikre på at du er den du er, og at ingen andre gir seg ut for å vera deg.
Du har rett til å få korrigert opplysningane dine dersom dei ikke er korrekte.
Dersom du oppdagar feilaktige opplysningar om deg sjølv kan du krevja at me korrigerer informasjonen. I utgangspunktet skal me på eige initiativ retta mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Men dersom du sjølv oppdagar at noko er feil ønskjer me at du tar kontakt med oss, slik at me så raskt som mogeleg kan korrigera informasjonen
Du har rett til å krevja at opplysningar om deg blir sperra eller sletta.
Me slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er nødvendige for det føremålet med samla dei inn. Dersom du meiner kommunen registrerer informasjon om deg som ikkje er nødvendig, kan du be om at denne informasjonen blir sletta. Ein vesentleg del av personopplysningane som behandlast i kommunen er omfatta av arkivlova sine bestemmelsar om journalføring og arkivering, og er unnatekne frå retten til sletting.
Du har rett til begresing av behandling som gjeld deg sjølv.
Begrensing av opplysningane inneber at personopplysningane som samlast inn ikkje lenger kan behandlast, men framleis lagrast.
Du har rett til innsigelse.
Du kan protestera på at me behandlar opplysningar om deg.
Du har rett til å få kopi av dine data i et digitalt format.
Dette kallast retten til dataportabilitet. Du har under enkelte omstende rett til å motta opplysningar som du har gitt oss i eit digitalt format, og også rett til å få informasjon overført til ei anna verksemd dersom du ønskjer dette. Retten til dataportabilitet gjeld berre opplysningar som du har gitt til oss.
Rett til å klaga til Datatilsynet.
Dersom du meiner at vår behandling av personopplysningar ikkje stemmer med det me har beskrive her eller at me på andre måtar bryt personvernlovgjevinga, så kan du klaga til Datatilsynet. Du finn informasjon om korleis du kan kontakta Datatilsynet på Datatilsynet sine nettsider: www.datatilsynet.no
Du har rett til å få utført dine rettigheiter gratis.
Når du ber om innsyn, retting, sletting eller tar i bruk andre rettigheiter etter personvernreglane, er dette gratis, med mindre anmodningane dine er openbert grunnlause eller overdrivne. Dersom me nektar å etterkomma anmodninga di er det me som har bevisbyrde for at henvendelsane frå deg er grunnlause eller overdrivne.
Korleis utøva rettigheitene dine?
Ta kontakt med kommunen ved sørvissenteret for informasjon:
Samnanger kommune brukar ikkje «automatiserte individuelle avgjerder».
Databehandlar.
Samnanger kommunen deler ikkje personopplysningar med tredjestatar.
Me nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yta deg betre tenester. I hovudsak nyttar me informasjonskapslane til trafikkmåling og optimalisering av tenestene.
Kommunen har ansvaret for at data som kommunen er tiltrudd, vert handsama på ein forsvarleg måte og i tråd med gjeldande lov- og regelverk.
I praksis vert ein del av arbeidet gjort av IKT Nordhordland (IKTNH). Datahandsamaravtalen som er inngått mellom IKTNH og kvar kommune, definerer kva rolle kommunen sjølv og IKTNH på vegner av kommunen har i arbeidet med dette.
Samnanger kommune, org.nr: 964968985
Samnanger kommune har inngått avtale med IKT Nordhordland (IKTNH) om kjøp av personvernombod.
Personvernombodet er innbyggjarane og dei tilsette sin kontaktperson når det gjeld behandlinga av personopplysningar.
Dessutan er ombodet kommunen sin rådgjevar når det gjeld personvernlovgjevinga.
Meir informasjon om personvernombodet sine oppgåver finn du på Datatilsynet sine nettsider:
Ein informasjonkapsel er ein kode som vert send frå vår servar til nettlesaren på din PC når du er inne på heimesida. Denne koden vert lagra i nettlesaren. Når du seinare går inn på heimesida, vil informasjonskapselen verta sendt frå nettlesaren din til servaren vår, som vil "kjenne att" din PC. Dette gjer det mogleg for servaren å tilpassa tenestene til deg som brukar. Har du til dømes stilt inn for høgkontrast attgjeving ein gong, vil servaren syta for at du slepp å gjera den innstillinga om att.
Informasjonskapslar blir brukt til personalisering, pålogging, språkstyring og for statistikk som brukast til forbetring av nettsidene.
Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) tredde i kraft 1. juli 2013. Lova regulerer vilkår for lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr - den såkalla "cookie-paragrafen" (ekomlova §2-7b).
Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ynskjer å ta dei i bruk, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at informasjonskapslane ikkje vert lagra automatisk. Du kan bestemma om alle skal blokkerast, eller om du skal ha høve til å velja om dei skal aksepterast eller ikkje. Ved å ikkje akseptera informasjonskapslar, unngår du at PC-en din vert "kjend att" på sida du vitjar. Men samstundes må du rekna med å gå glipp av ein del av dei funksjonane som sida elles tilbyr.