eDialog - sikker sending av digitale dokument inn til kommunen
Me oppmodar både privatpersonar og verksemder til å nytta tenesta eDialog for å senda dokument digitalt til oss på ein trygg måte.
Korleis logga inn i eDialog
- Trykk her for å logga inn i eDialog.
- For å nytta tenesta, må du logga på ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID)
- Når du har logga på, fyller du ut skjemaet og lastar opp eventuelle dokument du vil senda inn.
Korleis fylla ut skjemaet
- Velg om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
- Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
- Tittel: Kva dokument du sender, og gjerne saksnummer om du har det
- Kommentar: Gje evt. ei utfyllande skildring av sendinga di
- Hugs å lasta opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må vera i PDF-format
- Klikk på "Send forsendelse" – sendinga vert kryptert og sendt direkte til kommunen sitt postmottak
- Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks)
Korleis kan du gjera om eit dokument til PDF-format?
For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heter "Eksporter til PDF".
Du skal ikkje bruka eDialog dersom
- kommunen har elektroniske skjema, til dømes "søknad om barnehageplass", "søknad på stilling", med meir.
- førespurnaden gjeld enkle spørsmål som ikkje skal journalførast hjå oss, då kan du kan senda e-post til post@samnanger.kommune.no
Sist oppdatert:
22.01.2021
Publisert:
22.01.2021