HeimVeg, vatn, avløp og bossVegHekk og trafikktryggleik

Hekk og trafikktryggleik

Reglar for fri sikt

Hekkar, buskar og tre må ikkje skjula vegmerking, trafikksikt, gatenamn, lysskilt eller belysning. Hugs at alle skal kunne sjå eit barn på trehjulssykkel frå alle retningar, og kunne stoppa på ein tredjedel av avstanden mellom køyretøyet og barnet.

Tenk òg på at det langs vegen skal vera oversiktleg og enkelt å koma fram for mellom anna utrykkings­køyretøy og renovasjonsbilar.

Kva må du gjera?

Kommunen ber alle grunneigarar om å klippa sine hekkar, buskar og tre slik at desse ikkje fører til fare langs vegen. Dersom grunneigarane ikkje utfører slik klipp, vil kommunen senda ut eit skriv til den einskilde grunneigaren med beskjed om å klippa hekk og buskvekstar langs vegen.

Dersom dette ikkje vert utført, vil kommunen gi eit pålegg med frist for å få arbeidet gjort. Etter dette vil kommunen få utført klipp med tungt maskinelt utstyr. Resultatet blir grovt. Resultatet blir betre dersom grunneigarane utfører arbeidet sjølve. 

Kva seier lova?

Krav til «frie siktsoner» er gitte i veglova, i avkøyringsløyve og i reguleringsplanar. Kommunen kan påleggja grunneigar å klippa, skjera eller flytta vegetasjon som skapar sikthindring.


Sist oppdatert: 13.02.2021
Publisert: 10.10.2018