Byggegrense til offentleg veg
Når du bygger, skal minsteavstanden til midten av ein kommunal veg i Samnanger vera minst 7 meter. Minsteavstanden til midten av ein riksveg og fylkesveg skal vere 50 meter.
Denne artikkelen handlar primært om den kommunale byggjegrensa som i hovudsak gjeld bygg, men også hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikt.
Trykk her for å lesa informasjon på Statens vegvesen sine nettsider.
Kva kan du søkja om?
I kommunen handsamar me søknadar om:
- dispensasjon frå byggjegrensa mot kommunal veg
- dispensasjon frå byggjegrenser fastsett i kommuneplanen sin arealdel eller i reguleringsplan (kun mindre vesentlige endringer)
- løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
- løyve til å strekkja leidning over eller langs veg
Me kan gi pålegg om å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.
Kven skal handsama søknaden din?
Ønskjer du å bygge noko innanfor byggegrensa, må du søke om dispensasjon frå byggegrense mot veg.
Kva du søkjer om, avgjer kven du skal søkje til:
- Om det gjeld innanfor byggegrense til fylkesveg, skal søknad sendast til Statens vegvesen
- Om det gjeld innanfor byggegrense til kommunal veg, skal søknad sendast til kommunen.
- Om det gjeld dispensasjon vedrørande VA-leidningar, skal søknad sendast til kommunen.
- Søknad om utvida bruk av eksisterande avkøyrsel mot fylkesveg skal sendast til Statens vegvesen.
- Søknad om utvida bruk av avkøyrsel mot kommunal veg skal sendast til kommunen.
Trykk her for å lese meir om avkøyrsel frå kommunal veg.
Slik søkjer du
- Trykk her for å laste ned og fylle ut søknadsskjema for dispensasjon mot byggjegrense
- Legg ved eit brev der du skildrar tiltaket, altså det du skal bygge eller endre.
- Legg ved eit situasjonskart i målestokk 1:500, der du teiknar inn og visar avstanden mellom vegen og det du skal bygge eller endre. Dersom tiltaket kjem i konflikt med kravet til avstand frå offentleg leidningsnett, må du bruke eit kart som visar vass- og avløpsnettet til Samnanger kommune.
Søknaden sender du på til kommunen på ein av følgjande måtar:
- Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
- E-postadresse: post@samnanger.kommune.no
- eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen
Treng du hjelp eller rettleiing i byggesaksspørsmål?
Ta kontakt med kommunen sin byggesakshandsamar dersom du treng rettleiing:
- Nina Fredriksen:
Byggesakshandsamar
E-post: nina.fredriksen@samnanger.kommune.no
Tlf: 56587445 / 45374145