HeimKultur og aktivitetSøk om tid i gymsal og musikkbinge

Søk om tid i gymsal og musikkbinge

Søkja om treningstid i gymsal

Lag og organisasjonar som ønskjer å nytta gymsalane i skuleåret må senda søknad til Samnanger kommune innan 20. juni.

Søknaden må innehalde lagsnamn, type aktivitet, 
alder på utøvarar, kva tid de ønskjer, kva for ein gymsal 
og namn på kontaktpersonar.

Søknaden skal sendast til kommunen på ein av følgjande måtar: 

  • Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • E-postadresse: post@samnanger.kommune.no
  • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen

Musikkbinge

Ved Samnanger barneskule har kommunen ein musikkbinge, som kan lånast av personar og band/grupper som treng ein stad å øva. Musikkbingen er eit fullt utstyrt "band-rom", med unnatak av gitarar. Musikkbingen er open alle dagar i veka. Søknadsskjema og retningslinjer for bruk av musikkbingen finn du nedanfor.  


Søknadsskjema for bruk av musikkbingen:


For utøvarar under 18 år må søknaden signerast og godkjennast av ein kontaktperson over 18 år.


Prisar for bruk av musikkbingen:

  • Pris pr. faste utøvar pr. månad kr. 50.
  • Pris pr. eingongsleige kr. 150.



Retningslinjer for bruk av musikkbingen: 

 


Sist oppdatert: 03.03.2023
Publisert: 20.08.2018