Skogbruk
Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket
Du kan søkje om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.
Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla.
Trykk her for meir informasjon om tilskotsordningar til miljøtiltak i skogbruket
Kva kan ein få tilskot til?
Tilskotet kan du få til:
- Skogkultur
- Vegbygging
- Miljøtiltak i skog
- Utdrift av skogsvirke med taubane, hest og liknande
- Andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket
Skogfond
Når du sel tømmer har du som skogeigar plikt til å setje av midlar til eit skogfond.
Du vel sjølv prosentsatsen (4–40 prosent) alt etter investeringsbehovet du har på eigedommen. Når du tar ut pengar frå skogfondet til godkjende tiltak, blir 15 prosent inntektsførte, mens 85 prosent er skattefrie. Difor er det viktig å setje av nok pengar på fondet slik at du kan nyttiggjere denne økonomisk gunstige ordninga.
Kva kan fondsmidlane brukast til?
Du kan bruke skogfondmidlane til:
- all form for skogkultur
- underskott ved tynningsdrift
- etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
- nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
- vedlikehald av skogsbilvegar
- skogbruksplan
- skogforsikring
- grensearbeid i utmark
- kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk og så vidare)
- miljøtiltak
- bioenergitiltak
Meir informasjon om ordninga finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Slik søkjer du om utbetaling frå fondet
Informasjon om dette finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Dersom du bruker papirskjema, skal søknaden sendast til:
- Samnanger kommune
Landbrukskontoret
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Kommunen kan òg motta søknader på e-post post@samnanger.kommune.no, eller via løysinga eDialog.
Kva skjer vidare?
Landbrukskontoret handsamar søknaden din så snart som mogleg. Dersom handsaminga tek lang tid, tek me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Krav til søkjar
For at skogfondmidlar skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.
Klage på vedtak
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kva seier lova?
Landbruks- og skogsbilvegar
Ein landbruksveg er ein veg som har meir enn 50% landbruksnytte i bruken av vegen, dette gjeld både bil- og traktorvegar. Dersom vegen har meir enn 50 % landbruksnytte, kan ein søkje om ein veg etter forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar. Landbruksvegar må byggast i samsvar med Normaler for landbruksvegar, som er fastsett av Landbruks- og matdepartementet. Landbruks-/skogsvegar er eit viktig tiltak for å betre infrastrukturen på eigedomen, og såleis legge til rette for ein meir effektiv og økonomisk lønsam drift av skogen.
Trykk her for meir informasjon på skogsveg.no