Individuell plan og koordinator

Slik kan du melda inn behov for individuell plan

Ta kontakt med eining for pleie og omsorg, eller fyll ut kommunen sitt meldingsskjema og send eller levèr det til oss. 

Sidan skjemaet inneheld konfidensiell informasjon, er det ikkje trygt å senda det til kommunen på e-post. Send det enten i posten eller via den sikre løysinga eDialog

Kva er ein nettbasert individuell plan?

Samnanger kommune har valt å ta i bruk eit digitalt verktøy til individuell plan.

Deltakarane som samarbeider om planen, kan logge seg inn i verktøyet på internett, lese planen og bidra til planarbeidet. Du som eig planen skal i lag med koordinator avklare kven andre som får tilgang til planen din.

Når planen er sett i verk, vil dei som skal ha tilgang til planen få tildelt brukarnamn og passord.

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Klage

Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får. 


Sist oppdatert: 04.02.2021
Publisert: 27.09.2019