Samnanger kommune tildeler bustad til personar med fysisk eller psykisk funksjonshemming. Om du er over 18 år, kan du søkja kommunen om tilrettelagt bustad.
Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som treng tilpassa bustad, kan søkja om å få leiga ein omsorgsbustad.
Omsorgsbustaden er tilpassa eldre og rørslehemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester skjer etter søknad og individuell vurdering.
Slik søkjer du
Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester.
I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar:
- Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
- Send søknaden i posten til:
Samnanger kommune
Tyssevegen 217
5650 Tysse
- Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Kva skjer vidare?
- me vurderar søknaden din, og prøver å finna det tilbodet som passar best for deg.
- me tar kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkja deg.
- me prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom me ikkje klara dette, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Kva får du?
- du får ein tilpassa bustad
- du kan søkje om bustøtte frå Husbanken
Krav til søkjar
- du er 18 år eller eldre
- du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
- du må betale husleige
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Me behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.
Kontakt oss
Har du spørsmål om tenesta, ta gjerne kontakt
Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen
Klage på vedtak
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.