HeimHelse, sosial og omsorgHeimetenesterOmsorgsstønad (omsorgsløn)

Omsorgsstønad (omsorgsløn)

 Krav til søkjar

  • den pleietrengjande må bu i heimen
  • omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngjande og det må vera nødvendige oppgåver.

Dersom du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkja om dette samtidig.

Inntaksnemda vil vurdera om omsorgsstønad er det beste alternativet, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.

Dette må du tenkja over før du søkjer:

  • brukar du mange timar per månad på omsorgsarbeidet?
  • er arbeidet meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg?
  • har du mykje nattarbeid slik at det går utover nattesøvnen?
  • er det behov for omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?
  • går omsorgsarbeidet ut over det sosiale livet ditt og ferie og fritid?
  • har du omsorg for meir enn ein person?

Lovheimel

Lov om helse- og omsorgstenester § 3-6:

"Til personer med særlig tyngende omsorgsarbeid skal kommunen tilby nødvendig pårørendestøtte blant annet i form av:

  1. opplæring og veiledning
  2. avlastningstiltak
  3. omsorgsstønad"

Søknadsskjema

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Vedtak/kriterier for vedtak

Vedtak om omsorgsstønad/omsorgsløn skal fattast ut frå følgjande kriterier som vart godkjende av utval for oppvekst og omsorg den 04.04.2002:

"Samnanger kommune innfører omsorgsløn etter følgjande retningsliner.

  1. Omsorgsoppgåvene skal vera særleg tyngjande.
  2. Omsorgsoppgåvene skal gjelde nødvendige omsorgsoppgåver.
  3. Omsorg frå søkjar er det beste for den som treng hjelp.
  4. Kommunen sine ressursar.
  5. Omsorgsgjevar må slutte i sitt vanlege arbeid, må arbeide mindre enn før eller ikkje kan begynne i vanleg stilling.
  6. Løna vert utbetalt som heimehjelpsløn.
  7. Løna vert utbetalt kvar månad, avgrensa oppad til 50% av full stilling som heimehjelpar.
  8. Det vert inngått omsorgskontrakt med omsorgsytar. Kontrakten skal innehalde omfang, tidsavgrenising og rettar og plikter.
  9. Inntaksnemnda vedtek tildeling av omsorgsløn, enkeltvedtak.
  10. Kommunen kan krevje at den som treng omsorg søkjer om hjelpestønad før søknad om omsorgsløn vert behandla. I-42/98 pkt. 5.2

I tillegg syner ein til rundskriv I-42/98 pkt 3.1 Om omsorgsarbeidet er særleg tyngande.

Rettningslinene skal ikkje erstatta lova men sjåast i samanheng med den. Dei momenta som er lista opp er ikkje absolutte vilkår for å få omsorgsløn. Kommunen kan derfor tilby omsorgsløn sjølv om ingen eller berre få av momenta ligg føre i den saka det gjeld."


Diverse informasjon om omsorgsløn

Ein har ikkje rettskrav på omsorgsløn

Omsorgsløn er inntekt og vert skattelagd på same måte som anna lønnsinntekt.
Mottakar av omsorgsløn har ikkje rett på sjukepengar for dei to første vekene ein er sjuk. Alle som yter omsorg opparbeider seg pensjonspoeng, uavhengig om dei får utbetalt omsorgsløn eller ikkje. Krav om omsorgspoeng skal setjast fram for trygdekontoret.

Klage på vedtak

Klagefrist 3 veker. Eventuell klage på vedtak om omsorgsløn skal sendast til Samnanger kommmune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Klagen kan alternativt sendast sendast digitalt til kommunen via løysinga eDialog.

Fastsetjing av omsorgsstønad/omsorgsløn

Kommunestyret vedtok 22.06.2011 satsar for omsorgsløn i Samnanger kommune, samt reglar for regulering av satsar for omsorgsløn.

Med verknad frå 01.01.2022 skal omsorgsstønad/omsorgsløn reknast ut frå årsløn i full stilling på kr 316 900. Beløpet vert regulert årleg i samsvar med generell lønsauke i offentleg sektor.

I Samnanger kommune er grensa for maksimal utbetaling sett til 50% av løn i 100% stilling. Betalingssatsar pr. 01.01.2023 framgår av tabellen nedanfor.

Satsar for omsorgsløn

Prosent Brutto per månad
10 % kr 2 741
15 % kr 4 111
20 % kr 5 482
25 % kr 6 852
30 % kr 8 223
35 % kr 9 593 
40 % kr 10 963
45 % kr 12 334
50 % kr 13 704

Sist oppdatert: 03.02.2023
Publisert: 13.01.2021