Hjelpemiddel

Mellombels eller varig behov for hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel på grunn av mellombels nedsett funksjonsevne, kan du ta kontakt med kommunen sitt hjelpemiddellager.

Har du eit varig behov for hjelpemiddel, tar du kontakt med fysioterapeut i kommunen. Eit varig behov er eit behov i meir enn to år. Kommunefysioterapeut kan hjelpe deg med å søkje om varig lån av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentral til NAV.

Slik søkjer du

Ta direkte kontakt med Pleie og omsorg eller kommunefysioteraputen dersom du treng hjelpemiddel på kortvarig utlån.

Kontaktinformasjon finn du nedst på sida. 

Kva kostar det?

Det er gratis å låne hjelpemiddel. 

Kva får du?

  • Utlån av enkle hjelpemiddel i tre månader eller l
    • toalettforhøyer
    • armlene til toalett
    • toalettstol
    • dusjkrakk
    • transportrullestol
    • underarmsrullator
    • rullator
    • sengebord
    • terskeleliminator
    • badekarbrett
    • arbeidsstol
  • Teknisk tilpassing og reparasjonar hjelpemiddel
  • Flytte fastmonterte og større hjelpemiddel innvilga frå NAV hjelpemiddelsentral
  • Retur hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral

Kontakt oss

Åse Waage Tveit (kommunefysioterapeut)

Eining for pleie og omsorg  -  Samnangerheimen

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 05.07.2018