Barnehagane våre
Aadland Gards- og Friluftsbarnehage AS (privat)
Aadland gards- og friluftsbarnehage er ein privat barnehage som starta opp i 1999. Barnehagen er eigd og driven av Ragnfrid og Audhild Aadland Olsnes. Den ligg på Ådland med flotte naturområde både til fjells og ved sjøen.
Barnehagen har fellesopptak med dei to kommunale barnehagane. Opptaket vert administrert av Samnanger kommune v/barnehageeininga.
Nøkkelinformasjon
- Adresse: Samnangervegen 404, 5652 Årland
- Telefon barnehagen inne: 970 46 298. Telefon løa: 918 61 941
- Organisasjonsnummer: 999 508 405
- Opningstid: 07.00 til 16.30
- To avdelingar. Ei avdeling for barn i alderen 1 til 4 år og ei avdeling på løa for barn i alderen 4 til 6 år.
Satsingsområda til barnehagen
Gardsdrift og dyra våra er ein grunnleggjande del av barnehagen. I barnehagen vår vektlegg me at barna skal ha kontakt med dyr. Me har hestar, kattar, kaninar, høner, ein minigris og mange sauer. Friluftsliv er eit anna av satsingsområda våre. Skog og sjø ligg rett ved barnehagen. Me har naust ved sjøen og me brukar og mykje husmannsplassen vår Ospekleiva. I barnehagen er me glade i utkledning og teater. Kvar juni er det kunstutstilling i løa.
Dråpeslottet barnehage (kommunal)
Om barnehagen
Velkomen til Dråpeslottet barnehage. Me held til på Gjerde, like ved Samnanger barneskule.
Barnehagen vart bygd i 2008, har universell utforming og er tilrettelagt for alle barn uansett funksjonsevne. I nærområdet kan barna bruka naturen som arena for leik og læring. Ved sjøen kan ein finna eit tilrettelagt område der barna kan utforska livet i fjæra. Barnehagen inneheld blant anna formingsverkstad, eit bibliotek, og eit stort fellesrom der barna kan danna vennskap på tvers av avdelingane. Sjekk gjerne Facebooksida vår.
Vibeke Lønnebakken Utskot er einingsleiar i barnehagen.
Nøkkelinformasjon
- Adresse: Nesjavegen 10, 5650 Tysse
- Telefon: 56 58 97 10
- Opningstid: 07.00 til 16.30
- To avdelingar for barn i alderen 0 til 3 år
- To avdelingar for barn i alderen 3 til 6 år
Kontaktinformasjon til avdelingane våre
- Vasspytten, barn 1-3 år
Telefonnummer til avdelinga 474 53 404 - Plopp, barn 1-3 år
Telefonnummer til avdelinga: 404 48 047 - Fossekallen, barn 3-6 år
Telefonnummer til avdelinga: 459 74 917 - Bekken, barn 3-6 år
Telefonnummer til avdelinga: 459 75 361
Slik jobbar me
I Dråpeslottet skal barna møta eit spanande pedagogisk innhald som endrast i takt med barna sin alder og utvikling. Her skal dei oppleva eit personale som engasjerer og inspirerer, som viser omsorg og støtte. Våre planar og mål skal ta utgangspunkt i det barna er opptatt av og interessert i. Barnehagen skal leggja til rette for vennskap og fellesskap, kor kvart einskild barn er viktig i positivt samspel med andre barn og vaksne. Trygge og nysgjerrige barn lærer mest.
Korleis:
Leiken skal ha ein sentral plass i vår kvardag. Personalet skal ivareta barna sitt behov for leik, ved å skapa eit inspirerande leikemiljø etter barna sine eigne interesser og ynskje. Leiken skal vera ein arena for utvikling og læring, og sosial og språkleg samhandling. Personalet skal støtte og bidra til at barna opplever glede, humor og engasjement gjennom leik åleine og saman med andre. Gjennom dagleg observasjon og deltaking skal personalet aktivt bidra til at barna sin leik er inkluderande og positiv.
Vår pedagogiske verksemd tek utgangspunkt i barnehagelova og rammeplanen. Barnehagelova gjev overordna formål, innhald og organisering for tilbodet, medan rammeplanen gjev retningsliner for barnehagen sitt innhald og oppgåver. Dråpeslottet skal vera ein lærande organisasjon og våre arbeidsmåtar skal kontinuerlig evaluerast saman med barn og føresette.
Satsingsområde for Dråpeslottet barnehage er:
- Inkluderande barnehagemiljø
- Utviklingsarbeid; Rekomp
- Tryggleikssirkelen
- Lesing og leselyst
- Leikeressurs i barnehagen
Årsplan
Trykk her for å lasta ned Dråpeslottet sin årsplan for 2024/2025.
Vassloppa barnehage (kommunal)
Om barnehagen
Vassloppa har tre avdelingar i drift og ligg i eit roleg område med gangavstand til Bjørkheim senter.
Det unike med Vassloppa er trivelege, store lokale med mykje boltreplass i alle rom, og me har vår eigen gymsal. På dagar med ekstremvær, hender det at småbarna går i gymsalen i staden for å gå ut.
I Vassloppa får barna allsidig aktivitet der dei verkeleg får brukt kroppen sin.
Me har eit stort og variert uteområde med mykje natur. Rett utanfor porten har me ballbinge og eit fantastisk turområde, ulike skogsområde, skogsvegar og tilgang til sjøen. Småbarnsavdelingane dreg og på skogstur, et lunsj ute og søv i hengekøyer.
Nøkkelinformasjon
- Adresse: Reistadliane 37, 5652 Årland
- Telefon: 56 58 75 80
- Organisasjonsnummer: 975 321 282
- Opningstid: 070.00 til 16.30
- To avdelingar for barn i alderen 0 til 3 år
- Ein avdeling for barn i alderen 3 til 6 år
Kontaktinformasjon til avdelingane våre
- Hoppetussa , barn 1-3 år
Telefonnummer til avdelinga 474 68 066 - Kolbøtta, barn 1-3 år
Telefonnummer til avdelinga: 474 87 811 - Akrobaten, barn 3-6 år
Telefonnummer til avdelinga: 474 83 698
Slik jobbar me:
Gjennom observasjonar og deltaking i leik skal alle tilsette bidra aktivt til at borna sin leik og samvær er inkluderande og positiv. Personalet skal leggja til rette for ein god gruppedynamikk, der alle barn utviklar og opplever vennskap. Barna skal oppleva det å møta eit variert og spennande innhald der den frie leiken har ein sentral plass. Dei tilsette skal motivera og inspirera og leggja til rette for eit allsidig leikemiljø, der barna sine interesser, idear og innspel skal verta innlemma i leiken.
I Vassloppa møter du tilsette som er engasjerte og trivs godt. Personalet skal alltid prøva å ha det gode blikket: eit blikk som tek det for gitt at barnet har både fornuftige intensjonar og viljar. Det gode blikket ser ting i beste, meining, leiter etter utvegar for å forstå barn, relasjonar og situasjonar på mange ulike måtar. (Sandvik,1999)
Kompetanse
Alle tilsette i Vassloppa har barnehagefagleg utdanning. Fleire tilsette har og teke etterutdanning i ulike fag, t.d spesialpedagogikk.
Alle barnehagar skal utvikle sin pedagogiske praksis gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling.
Vassloppa har nyleg gjennomført eit kompetansehevingsprosjekt i bruk av ASK (partsamarbeid med høgskulen). ASK er bruk av enkle teikn, fotografi, grafiske symbol og fysiske gjenstandar.
I 2024 har me hatt intern kompetanseheving i «Tryggleikssirkelen».
Der lærer ein korleis ein kan støtte barnet i to grunnleggjande behov; behovet for beskyttelse og omsorg og behovet for å utforske og meistre verda. Det å sjå barnet innanfrå, sjå seg sjølv innanfrå og sjå det som er i mellom er sentrale omgrep.
Korleis?
Me skal ta omsyn til barna sine erfaringar, interesser, synspunkt og initiativ i kvardagen og ved val og gjennomføring av tema og prosjekt.
Me skal gje rom for leik, kreativitet og improvisasjon, og veksla mellom spontane og planlagde aktivitetar. Det er lov å endre på planen og ha fokus på barneperspektivet der og då.
Variasjon i inntrykk og gje barna høve til å uttrykkja seg på ulike måtar.
Me arbeidar tverrfagleg og heilskapleg i tråd med dei ulike delane i remmeplanen.
Me tek i bruk nærmiljøet og lokale tilhøve, når me planlegg og gjennomfører aktivitetar.
Me vurderar jamnleg dei ulike arbeidsmåtane.
Årsplan
Trykk her for å lasta ned årsplanen
Satsingsområde for barnehageåret 2024/2025
- Evaluering og redigering av lokal plan for Godt barnehagemiljø, handlingsrutinar mot mobbing. «Godt barnehagemiljø, handlingsrutinar mot mobbing»
- Implementering « Tryggleikssirkelen» i barnehagekvardagen.
- Lesing for dei minste ( barnehagebarn)
- Leikeressurs. Ungdomsskulegutar kan søke om å jobbe i barnehagen to timar, ein dag i veka i sju veke. Oppstart våren 2025.
Råd og utval
Trykk her for å lesa om Foreldreutvalget for barnehager (FUB), det nasjonale utvalet for barnehager.