HeimNyheiterVaksinering hausten 2024

Vaksinering hausten 2024

  • Alle tre vaksinane kan settes samstundes 
  • Barn under 12 år som treng vaksine mot korona eller barn under 16 år som treng vaksine mot pneumokokksjukdom må ta kontakt direkte med fastlege eller kontaktperson på sjukehus først.

 

Vaksineringsdatoar og tidspunkt for drop-in:

Fredag 18. oktober

  • Alder 65 - 75 år + gravide
  • kl 08:30 - 12:00: dei med fødselsdato 1. - 18. i kvar måned
  • kl 13:00 - 15:00: dei med fødselsdato 19. - 31. i kvar månad

Fredag 25. oktober

  • Alder 75 år og eldre + barn/vaksne med underliggjande sjukdom
  • kl 08:30 - 12:00: dei med fødselsdato 1. - 18. i kvar måned
  • kl 13:00 - 15:00: dei med fødselsdato 19. - 31. i kvar månad
Samtykke fror barn under 16 år

Alle born under 16 år må alltid ha samtykke frå begge føresette for vaksinar utanom barnevaksinasjonsprogrammet.

 

Kven er tilrådd vaksine:

Influensavaksine

Følgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom eller død ved influensasjukdom og anbefalast av den grunn influensavaksine:

  • Bebuare i omsorgsboligar og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal og få tilbud om influensavaksine
  • Prematurt fødde born, særleg born fødd før uke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn > 6 mnd og vaksne med:
    - kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    - kronisk hjarte-/karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk), spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon.
    - diabetes mellitus, type 1 og 2
    - kronisk leversvikt
    - kronisk nyresvikt
    - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft
    - nedsatt immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    - svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    - anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (til dømes personar med medfødd kromosomavvik, genetisk syndrom og samansatte kromosomavvik som ikkje er klassifisert anna sted)
  • I tillegg anbefalast influensavaksine til følgjande grupper, primært for å beskytte andre (indirekte beskyttelse):
    - Helsepersonell og andre ansatte i helse- og omsorgstjenesten som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
    - Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
    - Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levende grisar
    - Saneringspersonale og andre som jobber med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl i henhold til risikonivå 3 i Mattilsynets Plan for forebygging og bekjempelse av aviær influensa.


Spesielt om influensavaksiner til barn

Det er viktig med influensavaksine til barn og unge i risikogrupper.
Vaksinedekninga blant born i risikogruppene er svært låg i Norge. Pga lite influensasmitte under korona-pandemien har dei minste barna framleis låg immunitet og auka sjukdomsforekomst av influensa. Dei som tilhøyrer ei av risikogruppene blir oftare alvorleg sjuk av influensa. Det er viktig at barn og unge i desse gruppene vert vaksinert.

Koronavaksine

Følgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom ved koronasjukdom og anbefalast av den grunn koronavaksine:

  • personar i aldersgruppen 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuare
  • personar i aldersgruppen 18-64 år som inngår i ein risikogruppe
  • ungdom i aldersgruppen 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • born 6 månader–11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderer dette som viktig. (NB: ta kontakt direkte med legekontoret eller kontaktperson på sjukehus)
  • gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdommer som gjer ytterlegare auka risiko.

Personer i alderen 18-64 med følgjande sjukdommar eller tilstandar er definert som medisinske risikogrupper:

  • Organtransplantasjon
  • Immunsvikt
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • Annen aktiv kreftsykdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempende behandling, strålebehandling mot lungane eller cellegift)
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsatt hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsatt nyrefunksjon
  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsatt leverfunksjon
  • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar
  • Diabetes, og da særleg pasientar med langvareg eller dårleg kontrollert sjukdom eller diabetes-senkomplikasjonar.
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høydose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • Demens
  • Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
  • Hjerneslag
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinering av gravide vil også gje beskyttelse hos det nyfødde bornet.

For barn og unge under 18 år vil følgjande alvorlege grunnsjukdommar kunne gje auka risiko for alvorleg koronasjukdom:

  • Organtransplantasjon
  • Immunsvikt (eksempelvis medfødt immunsvikt eller bruk av medikamenter som gjer betydeleg systemisk immunsuppresjon)
  • Hematologisk kreftsjukdom (f.eks. leukemi, lymfom) siste fem år
  • Annen aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (innan siste seks månader) behandling mot kreft - spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungane eller cellegift
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsatt hostekraft eller nedsatt lungefunksjon
  • Kronisk nyresjukdom med betydeleg nedsatt nyrefunksjon
  • Alvorleg hjartesjukdom (born med hjartesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, ettkammer-sjukdom/«Fontan-barn»)
  • Alvorleg lungesjukdom (f.eks. cystisk fibrose, svært alvorleg astma med forverringar som har behøvd akutt sjukehusinnleggelse siste året)
  • Anna svært alvorleg sjukdom. Vaksinasjon i slike tilfeller vurderast individuelt av barnelege.
Pneumokokkvaksine

Pneumokokkvaksine er tilrådd:

  • Alle personar over 65 år.
  • Personar med sjukdom som gjer immunsvikt eller som bruker medisinar som svekker immunforsvaret. Vaksinen er og tilrådd ved flere kroniske sykdommer og enkelte andre sykdommer som gir økt risiko for pneumokokksykdom.
  • Personar som gjennom sitt yrke har auka risiko for smitte som laboratoriepersonell og personar som eksponerast for sveiserøyk.


Snakk med fastlegen din om du er usikker på om du har ein sjukdom som gjer auka risiko for alvorleg forløp av korona, influensa eller pneumokokksjukdom/lungebetennelse.

Vaksineintervall

  • Influensa: årleg vaksine
  • Korona: årleg vaksine
  • Lungebetennelse/pneumokokk: kvart 6. år

Prisar

Vaksinering

  • Sjølve vaksineringa kostar 200 kr (gratis ved kun koronavaksine)

Vaksinar

  • Koronavaksine: Gratis
  • Influensavaksine: 100 kr
  • Pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse): 350 kr

Sist oppdatert: 15.10.2024
Publisert: 09.10.2024