Trafikktryggleik handlar mykje om korleis me oppfører oss.
Visste du at:
- 1 av 3 dødsulukker skuldast for høg fart eller at føraren har køyrd for fort etter forholda?
- At vegtypen kan fortelle deg noko om fartsgrensa om du ikkje har fått med deg skiltet?
- Om du køyrer i 93 km/t i staden for 80 km/t vert risikoen for at du kan dø om det skjer eit uhell dobla?
Å køyre for fort er å bryte lova. Men for høg fart har også større konsekvenser:
- Større fare for å miste kontrollen på køyretøyet
- Redusert effektivitet på airbag
- Bremselengden blir lengre
- Større kollisjonsskader som kan føre til større personskader
- Større økonomiske konsekvenser/erstatningsansvar for føreren av bilen
- Auka kostnad for drivstoffbruk/meir skade på miljøet
Oversikt lånt fra National Highway Traffic Safety Administration.
Mer informasjon om tema finn du her
Sist oppdatert:
05.02.2024
Publisert:
05.02.2024