Tilskot til inkluderig av barn og unge
Tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge” er no lyst ut for 2025. De finn meir informasjon på Bufdir sine nettsider.
Mål og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap.
Kven kan søkja:
- Offentlege instansar
- Frivillige organisasjonar
- Private aktørar
Frist for å søkja:
1. november 2024
Slik søkjer du:
- Set deg inn i regelverket og informasjonen på nettside av ordninga
- Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskudd. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytta søknadsskjema 2. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå nettsida av tilskotsordninga for unntak frå denne regelen). Det skal søkjast om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå nettsida av ordninga for meir informasjon om desse)
Etter at du har sendt søknaden
Søknader som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankra rangeringa av søknadene på besluttande politisk eller administrativt nivå.
Etter at kommunen er ferdig med rangeringa set Bufdir i gang med den endelege saksbehandlinga av søknadene. Det vil vera informasjon på Bufdir nettsider om forventa saksbehandlingstid.
Kontaktperson i kommunen:
Daniel Borge Kristensen
Epost