HeimNyheiterSponsormidlar frå Aker BP

Sponsormidlar frå Aker BP

Aker BP vil ha prosjektaktivitet i kommunane Samnanger og Fitjar fram til 2026 i samband med utbygginga av olje- og gassområdet Yggdrasil.
Aker BP etablerer no eit program med tildeling av sponsormidlar i dei to kommunane for å stimulera til aktivitet innan idrett, friidrett og kultur.

 

Om programmet

Programmet er for lag, foreiningar og formål innan idrett, friluftsliv og kultur. Religiøse eller politiske organisasjonar kan ikkje søkja.

Det blir tildelt fem sponsoravtalar i kvar av dei to kommunane. Sponsorstøtta utgjer 30.000 kroner i både 2024 og 2025.

 

Søknad

Søknad blir send til Aker BP ved byggjeleiar for Yggdrasil kraft frå land-prosjektet Lars Christian Alsvik på e-post: lars.christian.alsvik@akerbp.com

Frist for å senda søknad er torsdag 20. juni.

Søknaden må innehalda:

  • Namn på lag, foreining eller formål
  • Namn og detaljar på kontaktperson
  • Ei beskriving av kva sponsormidlane konkret skal brukast til
  • Ei beskriving av korleis lag, foreining eller formål kan gi motyting til Aker BP til dømes i form av profilering.

 

Utveljing

Utveljing skjer i ein komité sat saman av representantar frå Aker BP, Yggdrasil-prosjektet og kommunedirektør.

Utveljing vil skje før fellesferien.

Aker BP gjennomfører ein bakgrunnssjekk av alle dei som blir valde for å sikra at sponsoravtalen er i tråd med retningslinjene, verdiane og etiske kravet frå selskapet.

Aker BP vil inngå ein kontrakt med dei som får sponsormidlar. Inngåing av kontraktar og utbetaling vil skje til hausten.

Lag, foreining eller formål som blir valt, må årleg dokumentera til Aker BP at midlane er brukte i samsvar med skissert formål i høve til kontrakt.


Sist oppdatert: 04.06.2024
Publisert: 03.06.2024